1 Men om timane og tidene treng vi ikkje skriva til dykk, sysken.
2 For de veit godt at Herrens dag kjem som ein tjuv om natta.
3 Når folk seier: «Fred og ingen fare», då kjem undergangen over dei, brått som riene over ei kvinne som skal føda, og dei kan ikkje sleppa unna.
4 Men de, sysken, er ikkje i mørkret, så dagen skulle koma uventa på dykk som ein tjuv.
5 For de er alle born av lyset og born av dagen; vi høyrer ikkje natta eller mørkret til.