10 Han døydde for oss så vi skal leva saman med han anten vi vaker eller søv.
11 Difor må de setja mot i kvarandre og oppbyggja kvarandre, som de òg gjer.
12 Vi bed dykk, sysken, at de må verdsetja dei som slit og arbeider mellom dykk, dei som er dykkar føresette i Herren og rettleier dykk.
13 De skal visa dei den største kjærleik og respekt på grunn av den gjerninga dei gjer. Lat freden råda mellom dykk!
14 Vi legg dykk på hjartet, sysken: Tal til rette dei som ikkje held orden på livet sitt, set mot i dei motlause, ta dykk av dei veike, ver tolmodige mot alle!
15 Sjå til at ingen løner vondt med vondt, men legg vinn på å gjera godt mot kvarandre, ja, mot alle!
16 Ver alltid glade!