1. Tessalonikar
Kapitler 5:4-10
Bibelen 2011 Nynorsk
4 Men de, sysken, er ikkje i mørkret, så dagen skulle koma uventa på dykk som ein tjuv.
5 For de er alle born av lyset og born av dagen; vi høyrer ikkje natta eller mørkret til.
6 Så lat oss ikkje sova som dei andre, men vaka og vera edrue!
7For dei som søv, dei søv om natta, og dei som drikk seg fulle, dei drikk om natta.
8 Men vi som høyrer dagen til, vi skal vera edrue, kledde med tru og kjærleik som brynje og med vona om frelse som hjelm.
9 For Gud har ikkje valt oss ut til vreide, men til å vinna frelse ved vår Herre Jesus Kristus.
10 Han døydde for oss så vi skal leva saman med han anten vi vaker eller søv.