7 For dei som søv, dei søv om natta, og dei som drikk seg fulle, dei drikk om natta.
8 Men vi som høyrer dagen til, vi skal vera edrue, kledde med tru og kjærleik som brynje og med vona om frelse som hjelm.
9 For Gud har ikkje valt oss ut til vreide, men til å vinna frelse ved vår Herre Jesus Kristus.
10 Han døydde for oss så vi skal leva saman med han anten vi vaker eller søv.
11 Difor må de setja mot i kvarandre og oppbyggja kvarandre, som de òg gjer.
12 Vi bed dykk, sysken, at de må verdsetja dei som slit og arbeider mellom dykk, dei som er dykkar føresette i Herren og rettleier dykk.
13 De skal visa dei den største kjærleik og respekt på grunn av den gjerninga dei gjer. Lat freden råda mellom dykk!