17 Han som er konge frå æve til æve, den uforgjengelege, usynlege, einaste Gud, han vere pris og ære i all æve! Amen.
18 Timoteus, mitt barn, slik er oppdraget eg no overgjev til deg, i samsvar med dei profetord som før er tala til deg. Ved dei skal du strida den gode striden,
19 i tru og med eit godt samvit. Samvitet har nokre kasta frå seg, og trua deira har forlist.
20 Mellom dei er Hymeneos og Aleksander, som eg har overgjeve til Satan, for at dei skal bli viste til rette så dei ikkje spottar.