2 helsar Timoteus, mitt ektefødde barn i trua: Nåde, miskunn og fred frå Gud, vår Far, og Kristus Jesus, vår Herre!
3 Då eg drog til Makedonia, bad eg deg vera att i Efesos. Du skulle forby einskilde der å fara med ei anna lære
4 eller vera opptekne av mytar og endelause ættetavler. For slikt fører berre til spekulasjonar og tener ikkje Guds frelseplan, der det dreiar seg om tru.
5 Målet for dette oppdraget er kjærleik av eit reint hjarte, av eit godt samvit og av ei oppriktig tru.
6 Nokre har forvilla seg bort frå dette og har hamna i tomme ord.
7 Dei vil vera lovlærarar, men skjønar korkje det dei sjølve seier eller det dei talar så sjølvsikkert om.
8 Men vi veit at lova er god om vi bruker henne slik ho skal brukast,