2 Be for kongar og alle som er i leiande stillingar, så vi kan leva eit stilt og fredeleg liv med gudsfrykt og vørdnad i alt vi gjer.
3 Dette er godt og noko Gud, vår frelsar, gleder seg over,
4 han som vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna.
5 For Gud er éin,og éin mellommann er det mellom Gud og menneske,mennesket Kristus Jesus,
6 han som gav seg sjølv som løysepenge for alle.Det var vitnemålet då tida var komen,
7 og for det vart eg sett til herold og apostel. Eg seier sanninga, eg lyg ikkje. Eg er ein lærar for folkeslag i tru og sanning.
8 Eg vil at mennene alle stader skal lyfta reine hender når dei held bøn, utan sinne og strid.