2 Difor må ein tilsynsmann ikkje kunna skuldast for noko. Han må vera mann til éi kvinne, edrueleg, forstandig, høfleg, gjestfri, god til å undervisa,
3 ikkje drikkfeldig eller hardhendt, men mild, ikkje stridslysten eller glad i pengar.
4 Han skal styra sitt eige hus godt, så borna hans alltid viser lydnad og respekt.
5 For greier han ikkje styra sitt eige hus, korleis kan han då ha omsorg for Guds forsamling?
6 Han må ikkje vera nyomvend, for då kunne han bli hovmodig og falla under same dommen som djevelen.
7 Han må òg ha godt ord på seg mellom dei som står utanfor, så han ikkje blir spotta og går i djevelens snare.
8 På same måten skal diakonane vera respekterte, ikkje tala med to tunger, ikkje drikka for mykje vin og ikkje vera ute etter skammeleg vinning.