3 Dei forbyd folk å gifta seg og krev at ein skal halda seg frå visse slag mat, den som Gud har skapt til å bli motteken med takk av dei som trur og kjenner sanninga.
4 For alt det Gud har skapt, er godt, og ikkje noko skal forkastast når det blir motteke med takk,
5 for det blir helga med Guds ord og bøn.
6 Når du lærer syskena dette, er du ein god Kristi Jesu tenar. Då nærer du deg av det ordet som skaper tru og av den gode læra som du har følgt.
7 Men vis frå deg dei ugudelege mytane, som berre er tomt snakk. Øv deg heller i gudsfrykt.
8 For kroppsleg øving er nyttig til noko, men gudsfrykta er nyttig til alt. Ho ber i seg lovnad både for dette livet og for det som kjem.
9 Det er eit truverdig ord, vel verdt å ta imot.