1 Tal ikkje hardt til ein gammal mann. Når du formanar han, så tal til han som til ein far. Unge menn skal du formana som brør,
2 eldre kvinner som mødrer og yngre kvinner som systrer, alt med reine tankar.
3 Enkjer som verkeleg er enkjer, skal du æra og hjelpa.
4 Men har ei enkje born eller barneborn, så lat dei først læra å visa gudsfrykt i sin eigen heim og med takk gje noko att til dei gamle. For dette er godt i Guds auge.
5 Den som verkeleg er enkje og står åleine, ho har sett sitt håp til Gud og lever i bøn og påkalling natt og dag.
6 Men den som berre vil nyta livet, er levande død.