10 vera kjend for gode gjerningar, ha oppseda born, vore gjestfri, vaska føtene til dei heilage, hjelpt dei som er i naud og alltid vore oppteken av å gjera det gode.
11 Men unge enkjer skal du ikkje godta. For lysta dreg dei bort frå tenesta for Kristus så dei vil gifta seg.
12 Då får dei til dom at dei har brote den første lovnaden om truskap.
13 Dessutan har dei ikkje noko å gjera og lærer seg til å springa frå hus til hus. Ja, ikkje nok med det, dei fer òg med sladder og legg seg opp i saker dei ikkje har noko med, og snakkar om slikt som ikkje sømer seg.
14 Difor vil eg at dei unge enkjene skal gifta seg, få born og styra huset sitt, så ikkje motstandaren får høve til å koma med spott.
15 Nokre har alt vendt seg bort og følgt Satan.
16 Om ei truande kvinne har enkjer hos seg, skal ho sørgja for dei og ikkje la dei bli ei bør for forsamlinga. Så kan forsamlinga ta seg av dei enkjene som er åleine.