6 Men den som berre vil nyta livet, er levande død.
7 Det òg skal du prenta inn, så ingen skal kunna skulda dei for noko.
8 Den som ikkje har omsorg for sine næraste, og først og fremst for sin eigen heim, har fornekta trua og er verre enn ein vantruande.
9 Berre den som har fylt seksti år, kan skrivast inn mellom enkjene i forsamlinga. Ho må ha vore kona til éin mann,
10 vera kjend for gode gjerningar, ha oppseda born, vore gjestfri, vaska føtene til dei heilage, hjelpt dei som er i naud og alltid vore oppteken av å gjera det gode.
11 Men unge enkjer skal du ikkje godta. For lysta dreg dei bort frå tenesta for Kristus så dei vil gifta seg.
12 Då får dei til dom at dei har brote den første lovnaden om truskap.