17 Byd dei som er rike i denne verda, at dei ikkje må vera hovmodige og setja sitt håp til den usikre rikdomen, men til Gud. Han gjev oss rikeleg av alt, så vi kan nyta det.
18 Dei skal gjera godt, vera rike på gode gjerningar, gje med raus hand og villig dela med andre.
19 Slik samlar dei seg ein skatt som blir ein god grunnvoll for tida som kjem, så dei kan gripa det verkelege livet.
20 Kjære Timoteus, ta vare på det du har fått overgjeve! Vend deg bort frå det gudlause og tomme snakket og innvendingane frå den kunnskapen som berre er kunnskap i namnet,
21 den som visse folk har vedkjent seg og dermed forvilla seg bort frå trua.Nåden vere med dykk!