11 Også de må koma oss til hjelp i bøn. Når mange bed, vil takka for den nådige hjelp vi får, stiga opp frå mange munnar.
12 For det er vi stolte av, og det kan samvitet vårt vitna om: Vi har ferdast her i verda, og ikkje minst mellom dykk, i ein ærlegdom og reinleik som er av Gud. Vi har ikkje late oss leia av menneskeleg visdom, men av Guds nåde.
13 For det ligg ikkje noko anna i det vi skriv til dykk, enn det de kan lesa og forstå. Og eg håpar at de skal læra å forstå fullt ut
14 det som de no delvis har skjøna: at de skal vera stolte av oss, slik vi skal vera stolte av dykk på vår Herre Jesu dag.
15 I tillit til dette var det at eg ville koma til dykk først, så de skulle få dobbel glede.
16 Eg ville koma innom dykk både på reisa til Makedonia og på vegen attende derifrå. Då kunne de hjelpa meg vidare på reisa til Judea.
17 Gjekk eg ansvarslaust fram då eg planla dette? Eller legg eg planar slik menneske kan gjera, så eg seier både ja og nei på same tid?