18 Så sant som at Gud er trufast: Det vi seier til dykk, er ikkje samtidig ja og nei.
19 For Guds Son, Jesus Kristus, som vi har forkynt for dykk, eg og Silvanus og Timoteus, han var ikkje ja og nei; i han var det berre ja.
20 For alle Guds lovnader har fått sitt ja i han. Difor seier vi òg ved han vårt amen, Gud til ære.
21 Men den som grunnfester både oss og dykk i Kristus, og som har salva oss, det er Gud.
22 Og han har sett sitt segl på oss og gjeve oss Anden til pant i hjarta våre.
23 Eg kallar Gud til vitne; det er sanning i mi sjel: Det er for å spara dykk at eg ikkje hittil har kome til Korint.
24 For vi vil ikkje vera herrar over trua dykkar, men medarbeidarar så de kan finna gleda. For i trua står de støtt.