4 Han trøystar oss i all vår naud, så vi kan trøysta dei som er i naud, med den trøyst som Gud trøystar oss med.
5 For liksom Kristi lidingar i rikt mål kjem over oss, blir vi òg i rikt mål trøysta ved Kristus.
6 Lid vi naud, er det for at de skal få trøyst og frelse. Blir vi trøysta, er det for at de skal få den trøysta som gjer dykk uthaldande i dei same lidingane som vi må gjennomlida.
7 Og vårt håp for dykk er fast. For vi veit at slik de deler lidingane med oss, deler de òg trøysta.
8 Vi vil ikkje, sysken, at de skal vera uvitande om alt det vonde vi måtte lida i Asia. Det var så tungt at det var meir enn vi kunne bera. Vi var til og med i tvil om vi kunne berga livet.
9 I tanken kjende vi oss alt som dødsdømde, slik at vi ikkje skulle stola på oss sjølve, men på Gud, som reiser opp dei døde.
10 Han berga oss frå den visse død, og han skal berga oss igjen. Til han har vi sett vår von, og han skal berga oss på nytt.