6 Lid vi naud, er det for at de skal få trøyst og frelse. Blir vi trøysta, er det for at de skal få den trøysta som gjer dykk uthaldande i dei same lidingane som vi må gjennomlida.
7 Og vårt håp for dykk er fast. For vi veit at slik de deler lidingane med oss, deler de òg trøysta.
8 Vi vil ikkje, sysken, at de skal vera uvitande om alt det vonde vi måtte lida i Asia. Det var så tungt at det var meir enn vi kunne bera. Vi var til og med i tvil om vi kunne berga livet.
9 I tanken kjende vi oss alt som dødsdømde, slik at vi ikkje skulle stola på oss sjølve, men på Gud, som reiser opp dei døde.
10 Han berga oss frå den visse død, og han skal berga oss igjen. Til han har vi sett vår von, og han skal berga oss på nytt.
11 Også de må koma oss til hjelp i bøn. Når mange bed, vil takka for den nådige hjelp vi får, stiga opp frå mange munnar.
12 For det er vi stolte av, og det kan samvitet vårt vitna om: Vi har ferdast her i verda, og ikkje minst mellom dykk, i ein ærlegdom og reinleik som er av Gud. Vi har ikkje late oss leia av menneskeleg visdom, men av Guds nåde.