1 Eg, Paulus, som går for å vera så spak når eg står andlet til andlet med dykk, men så modig når eg er borte, eg formanar dykk ved Kristi audmjuke og milde sinn.
2 Eg bed om å få sleppa å vera modig når eg kjem! Men eg vil ikkje nøla med å vera myndig mot visse folk som seier vi går fram med berre menneskelege motiv.
3 Om vi går fram på menneskevis, så kjempar vi ikkje på menneskevis.
4 For våre stridsvåpen er ikkje jordiske. Guds kraft er verksam i dei, så dei kan leggja festningar i grus. Vi riv ned tankebygningar