3 Om vi går fram på menneskevis, så kjempar vi ikkje på menneskevis.
4 For våre stridsvåpen er ikkje jordiske. Guds kraft er verksam i dei, så dei kan leggja festningar i grus. Vi riv ned tankebygningar
5 og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus.
6 Så snart de har nådd fram til full lydnad, er vi klare til å straffa all ulydnad.
7 Sjå på det som ligg ope i dagen! Om nokon er viss på at han høyrer Kristus til, bør han tenkja over dette ein gong til med seg sjølv. For liksom han høyrer Kristus til, så gjer vi det òg.
8 Eg kunne ha skrytt endå meir av den fullmakta Herren har gjeve oss, fullmakt til å byggja dykk opp og ikkje til å riva ned. I så fall ville eg ikkje bli til skamme,
9 og det skulle bli klårt at det ikkje berre er for å skremma dykk at eg skriv desse breva.