6 Så snart de har nådd fram til full lydnad, er vi klare til å straffa all ulydnad.
7 Sjå på det som ligg ope i dagen! Om nokon er viss på at han høyrer Kristus til, bør han tenkja over dette ein gong til med seg sjølv. For liksom han høyrer Kristus til, så gjer vi det òg.
8 Eg kunne ha skrytt endå meir av den fullmakta Herren har gjeve oss, fullmakt til å byggja dykk opp og ikkje til å riva ned. I så fall ville eg ikkje bli til skamme,
9 og det skulle bli klårt at det ikkje berre er for å skremma dykk at eg skriv desse breva.
10 «For breva», seier somme, «er myndige og strenge, men når han sjølv kjem, er han spak, og det han seier, er lite å bry seg om.»
11 Den som meiner det, skal merka seg dette: Det er ingen skilnad på det eg gjer når eg er hos dykk, og det eg seier i breva mine når eg er borte.
12 Vi vågar verken å rekna oss til eller samanlikna oss med visse andre som gjev seg sjølve lovord. Når dei måler seg mot seg sjølve og samanliknar seg med seg sjølve, viser dei berre sin eigen uforstand.