9 og det skulle bli klårt at det ikkje berre er for å skremma dykk at eg skriv desse breva.
10 «For breva», seier somme, «er myndige og strenge, men når han sjølv kjem, er han spak, og det han seier, er lite å bry seg om.»
11 Den som meiner det, skal merka seg dette: Det er ingen skilnad på det eg gjer når eg er hos dykk, og det eg seier i breva mine når eg er borte.
12 Vi vågar verken å rekna oss til eller samanlikna oss med visse andre som gjev seg sjølve lovord. Når dei måler seg mot seg sjølve og samanliknar seg med seg sjølve, viser dei berre sin eigen uforstand.
13 Men vi vil ikkje gå over streken med sjølvrosen, men halda oss innanfor den rettesnora som Gud sjølv har strekt ut for oss: at vi skulle nå fram også til dykk.
14 Vi strekkjer oss ikkje lenger enn vi kan rekka, som om vi aldri hadde nådd fram til dykk. For vi er alt komne så langt som til dykk med Kristi evangelium.
15 Nei, vi går ikkje over streken og skryter av arbeid som andre har gjort. Men vi har det håpet at trua dykkar skal veksa, så vi ved dykkar hjelp kan gå endå lenger fram, etter den rettesnora som er strekt ut for oss.