13 Dei er falske apostlar, trulause arbeidarar som gjev seg ut for å vera Kristi apostlar.
14 Og det er ikkje å undrast på, for Satan sjølv skaper seg om til ein lysengel.
15 Og då er det ikkje merkeleg at tenarane hans skaper seg om til tenarar for rettferda. Men løna dei får til sist, skal svara til gjerningane deira.
16 På nytt seier eg: Ingen må tru at eg er frå sans og samling. Men om de gjer det, så lat meg vera vitlaus, så eg òg kan skryta litt.
17 Det eg seier, det seier eg ikkje fordi Herren vil det; eg seier det i eit slag vanvit.
18 Men sidan det er så mange som gjer seg stolte av sine menneskelege fordelar, vil eg òg vera stolt.
19 De som er så kloke, toler vel folk som har mista vitet.