15 Og då er det ikkje merkeleg at tenarane hans skaper seg om til tenarar for rettferda. Men løna dei får til sist, skal svara til gjerningane deira.
16 På nytt seier eg: Ingen må tru at eg er frå sans og samling. Men om de gjer det, så lat meg vera vitlaus, så eg òg kan skryta litt.
17 Det eg seier, det seier eg ikkje fordi Herren vil det; eg seier det i eit slag vanvit.
18 Men sidan det er så mange som gjer seg stolte av sine menneskelege fordelar, vil eg òg vera stolt.
19 De som er så kloke, toler vel folk som har mista vitet.
20 For de toler då at dei gjer dykk til slavar, at dei utnyttar dykk og fangar dykk, ser ned på dykk og slår dykk i andletet.
21 Med skam må eg vedgå at vi i så måte har vore altfor veike!Men det dei andre vågar – no talar eg i vanvit – det kan vel eg òg våga.