21 Med skam må eg vedgå at vi i så måte har vore altfor veike!Men det dei andre vågar – no talar eg i vanvit – det kan vel eg òg våga.
22 Er dei hebrearar? Det er eg òg. Er dei israelittar? Eg òg. Er dei av Abrahams ætt? Eg òg.
23 Er dei Kristi tenarar? Eg seier i mitt vanvit: Eg er det endå meir. Eg har hatt større strev, vore oftare i fengsel, fått langt fleire slag og mange gonger vore i dødsfare.
24 Av jødane har eg fem gonger fått dei førti slaga på eitt nær.
25 Tre gonger vart eg piska, ein gong steina, tre gonger leid eg skipbrot, og ein gong dreiv eg eit heilt døgn omkring på havet.
26 Ofte var eg på reiser, i fare på elvar, i fare mellom røvarar, i fare mellom landsmenn, i fare mellom utlendingar, i fare i byar, i fare i øydemark, i fare på hav, i fare mellom falske sysken,
27 i slit og strev, ofte i nattevaking, i svolt og tørste, ofte fastande og utan klede i kulden.