28 I tillegg til alt det andre har eg det som dagleg ligg på meg, omsorga for alle forsamlingane.
29 Kven er veik utan at eg òg blir veik? Kven fell ifrå utan at det brenn i meg?
30 Om eg likevel skal vera stolt, vil eg vera stolt av veikskapen min.
31 Gud, vår Herre Jesu Far, han som er velsigna i all æve, han veit at eg ikkje lyg!
32 I Damaskus sette landshovdingen til kong Aretas ut vakter fordi han ville gripa meg.
33 Men eg vart firt ned i ei korg frå ei luke i bymuren og slapp ut av hendene hans.