3 Men eg er redd at liksom ormen narra Eva med sine listige knep, slik skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.
4 For de toler svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot.
5 Men eg meiner at eg ikkje på nokon måte er mindre enn desse superapostlane.
6 Om eg kanskje er ulærd i talekunst, er eg ikkje utan kunnskap, og den har eg alltid og i alle stykke lagt fram for dykk.
7 Gjorde eg kanskje ei synd då eg forkynte Guds evangelium for dykk utan betaling, og slik audmjuka meg sjølv så de kunne opphøgjast?
8 Andre forsamlingar har eg nærast plyndra; eg tok løn av dei så eg kunne gjera teneste hos dykk!
9 Og då eg var hos dykk, var eg ikkje ei bør for nokon av dykk når det var noko eg trong; for brørne som kom frå Makedonia, gav meg det eg mangla. Alltid passa eg på å ikkje vera ei bør for dykk, og det skal eg framleis gjera.