5 Men eg meiner at eg ikkje på nokon måte er mindre enn desse superapostlane.
6 Om eg kanskje er ulærd i talekunst, er eg ikkje utan kunnskap, og den har eg alltid og i alle stykke lagt fram for dykk.
7 Gjorde eg kanskje ei synd då eg forkynte Guds evangelium for dykk utan betaling, og slik audmjuka meg sjølv så de kunne opphøgjast?
8 Andre forsamlingar har eg nærast plyndra; eg tok løn av dei så eg kunne gjera teneste hos dykk!
9 Og då eg var hos dykk, var eg ikkje ei bør for nokon av dykk når det var noko eg trong; for brørne som kom frå Makedonia, gav meg det eg mangla. Alltid passa eg på å ikkje vera ei bør for dykk, og det skal eg framleis gjera.
10 Så visst som Kristi sanning bur i meg, denne ros skal ingen i heile Akaia ta frå meg!
11 Kvifor? Fordi eg ikkje elskar dykk? Det veit Gud at eg gjer.