9 Og då eg var hos dykk, var eg ikkje ei bør for nokon av dykk når det var noko eg trong; for brørne som kom frå Makedonia, gav meg det eg mangla. Alltid passa eg på å ikkje vera ei bør for dykk, og det skal eg framleis gjera.
10 Så visst som Kristi sanning bur i meg, denne ros skal ingen i heile Akaia ta frå meg!
11 Kvifor? Fordi eg ikkje elskar dykk? Det veit Gud at eg gjer.
12 Men det eg har gjort, det vil eg òg gjera heretter. For det finst nokre som gjerne vil finna ein grunn til å skryta av at dei er som eg, men den grunnen skal eg ta frå dei.
13 Dei er falske apostlar, trulause arbeidarar som gjev seg ut for å vera Kristi apostlar.
14 Og det er ikkje å undrast på, for Satan sjølv skaper seg om til ein lysengel.
15 Og då er det ikkje merkeleg at tenarane hans skaper seg om til tenarar for rettferda. Men løna dei får til sist, skal svara til gjerningane deira.