1 Eg må skryta av meg sjølv, endå det ikkje tener til noko. For no kjem eg til syn og openberringar frå Herren.
2 Eg veit om eit menneske i Kristus som for fjorten år sidan vart bortrykt til den tredje himmelen – om det var i kroppen eller utanfor kroppen, veit eg ikkje, Gud veit det.
3 Og eg veit at dette mennesket vart bortrykt til paradis – om det var i kroppen eller utanfor kroppen, veit eg ikkje, Gud veit det –
4 og der fekk han høyra useielege ord, ord som menneske ikkje har lov til å tala.