5 Av dette mennesket vil eg vera stolt, men eg vil ikkje vera stolt av meg sjølv, anna enn av veikskapen min.
6 Men om eg no ville vera stolt, så var eg ikkje frå vitet, for det var sanning, det eg tala. Men eg lèt det vera, så ingen skal tenkja høgare om meg enn dei gjer når dei ser og høyrer meg.
7 Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal bli hovmodig.
8 Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg.
9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for krafta blir fullenda i veikskap.» Difor vil eg helst vera stolt av veikskapen min, så Kristi kraft kan bu i meg.
10 Og difor er eg, for Kristi skuld, glad når eg er veik, når eg blir mishandla, når eg er i naud, i forfølging og i angst. For når eg er veik, då er eg sterk.
11 Så har eg likevel gått frå vitet! De har tvinga meg til det, endå det var de som skulle ha lagt inn eit godt ord for meg. For eg er ikkje noko dårlegare enn desse superapostlane, endå eg ingenting er.