1 Det er no tredje gongen eg kjem til dykk. Etter ord frå to eller tre vitnes munn skal kvar sak vera avgjord.
2 Då eg var hos dykk andre gongen, åtvara eg dei som hadde synda. No når eg er borte frå dykk, åtvarar eg dei på nytt, og alle dei andre: Når eg kjem att, vil eg ikkje spara nokon.
3 For de krev prov på at Kristus talar i meg. Og han er ikkje veik mot dykk; han er mektig hos dykk.
4 For om han vart krossfest i veikskap, så lever han i Guds kraft. Vi òg er veike i han, men for dykkar skuld skal vi leva med han i Guds kraft.
5 Ransak dykk sjølve om de er i trua. Prøv dykk sjølve! Eller kjenner de ikkje at Jesus Kristus er i dykk? Kan det vera at de ikkje står dykkar prøve?
6 Men eg håpar de skal skjøna at vi har stått vår prøve.