1 Eg hadde bestemt meg for at eg ikkje ville koma og gjera dykk sorgfulle ein gong til.
2 Om eg gjev dykk sorg, kven skal då gjera meg glad, om ikkje den eg har gjort sorgfull?
3 Og nett difor var det eg skreiv. Eg ville ikkje koma og bli sorgfull av dei som skulle gjera meg glad. Og eg har den tiltru til dykk alle at mi glede er dykkar glede.
4 I stor naud og med angst i hjartet skreiv eg til dykk, og mange tårer felte eg. Eg ville ikkje gjera dykk sorgfulle, men la dykk skjøna kor høgt eg elskar dykk.
5 Men om nokon har gjeve grunn til sorg, så er det ikkje meg han har gjort sorgfull, men dykk alle – eller dei fleste av dykk, for ikkje å overdriva.
6 Den straffa som dei fleste av dykk gav denne mannen, får vera nok.
7 No må de heller tilgje og trøysta han, så han ikkje heilt skal gå under i sorg.