10 Den som de tilgjev, tilgjev eg òg. Ja, om eg i det heile har noko å tilgje, har eg alt tilgjeve det for dykkar skuld, framfor Kristi andlet,
11 så vi ikkje skal bli overlista av Satan. For vi veit kva han vil.
12 Då eg kom til Troas med Kristi evangelium, hadde Herren alt opna ei dør for meg.
13 Men eg var uroleg fordi eg ikkje fann Titus, bror min. Difor tok eg farvel med dei og fór til Makedonia.
14 Men Gud vere takk, som i Kristus alltid fører oss fram i triumftog og ved oss spreier angen av kunnskapen om han på kvar stad.
15 For vi er Kristi gode ange for Gud mellom dei som blir frelste, og mellom dei som går fortapt;
16 ein ange av død til død for dei som går fortapt, ein ange av liv til liv for dei som blir frelste. Kven er vel i stand til dette?