4 I stor naud og med angst i hjartet skreiv eg til dykk, og mange tårer felte eg. Eg ville ikkje gjera dykk sorgfulle, men la dykk skjøna kor høgt eg elskar dykk.
5 Men om nokon har gjeve grunn til sorg, så er det ikkje meg han har gjort sorgfull, men dykk alle – eller dei fleste av dykk, for ikkje å overdriva.
6 Den straffa som dei fleste av dykk gav denne mannen, får vera nok.
7 No må de heller tilgje og trøysta han, så han ikkje heilt skal gå under i sorg.
8 Difor bed eg dykk at de møter han med kjærleik.
9 Dette var òg grunnen til at eg skreiv. Eg ville vita om de held mål og er lydige i alt.
10 Den som de tilgjev, tilgjev eg òg. Ja, om eg i det heile har noko å tilgje, har eg alt tilgjeve det for dykkar skuld, framfor Kristi andlet,