6 Den straffa som dei fleste av dykk gav denne mannen, får vera nok.
7 No må de heller tilgje og trøysta han, så han ikkje heilt skal gå under i sorg.
8 Difor bed eg dykk at de møter han med kjærleik.
9 Dette var òg grunnen til at eg skreiv. Eg ville vita om de held mål og er lydige i alt.
10 Den som de tilgjev, tilgjev eg òg. Ja, om eg i det heile har noko å tilgje, har eg alt tilgjeve det for dykkar skuld, framfor Kristi andlet,
11 så vi ikkje skal bli overlista av Satan. For vi veit kva han vil.
12 Då eg kom til Troas med Kristi evangelium, hadde Herren alt opna ei dør for meg.