8 Difor bed eg dykk at de møter han med kjærleik.
9 Dette var òg grunnen til at eg skreiv. Eg ville vita om de held mål og er lydige i alt.
10 Den som de tilgjev, tilgjev eg òg. Ja, om eg i det heile har noko å tilgje, har eg alt tilgjeve det for dykkar skuld, framfor Kristi andlet,
11 så vi ikkje skal bli overlista av Satan. For vi veit kva han vil.
12 Då eg kom til Troas med Kristi evangelium, hadde Herren alt opna ei dør for meg.
13 Men eg var uroleg fordi eg ikkje fann Titus, bror min. Difor tok eg farvel med dei og fór til Makedonia.
14 Men Gud vere takk, som i Kristus alltid fører oss fram i triumftog og ved oss spreier angen av kunnskapen om han på kvar stad.