1 Byrjar vi no igjen å koma med lovord om oss sjølve? Eller treng vi, som visse andre, brev med tilråding frå dykk eller til dykk?
2 Nei, de er sjølve vårt tilrådingsbrev, skrive i hjarta våre, kjent og lese av alle menneske.
3 For de viser at de er Kristi brev, som har vorte til ved vår teneste. Det er ikkje skrive med blekk, men med den levande Guds Ande, ikkje på steintavler, men i hjarta, på tavler av kjøt og blod.
4 Denne tilliten har vi til Gud ved Kristus.
5 Men dette er vi ikkje i stand til av oss sjølve; vi kan ikkje tenkja ut noko som om det kom frå oss. Nei, berre ved Gud er vi i stand til dette,