2 Nei, de er sjølve vårt tilrådingsbrev, skrive i hjarta våre, kjent og lese av alle menneske.
3 For de viser at de er Kristi brev, som har vorte til ved vår teneste. Det er ikkje skrive med blekk, men med den levande Guds Ande, ikkje på steintavler, men i hjarta, på tavler av kjøt og blod.
4 Denne tilliten har vi til Gud ved Kristus.
5 Men dette er vi ikkje i stand til av oss sjølve; vi kan ikkje tenkja ut noko som om det kom frå oss. Nei, berre ved Gud er vi i stand til dette,
6 han som òg gjorde oss til tenarar for ei ny pakt som ikkje byggjer på bokstav, men på Ande. For bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande.
7 Sjølv den tenesta som førte til død, den som var føreskriven med bokstavar hogne i stein, var omgjeven av ein slik herlegdom og glans at israelittane ikkje greidde å sjå Moses i andletet. Så sterkt stråla det, endå det var ein glans som vart borte.
8 Kor mykje sterkare glans har ikkje då Andens teneste?