15 Men alt dette hender for dykkar skuld, så nåden skal bli stor og få takkseiinga til å stiga opp frå fleire og fleire – til Guds ære.
16 Difor mistar vi ikkje motet. Om vårt ytre menneske går til grunne, så blir det indre fornya dag for dag.
17 Dei trengslene vi no må bera, er lette, og dei skaper for oss ein evig herlegdom som veg uendeleg mykje meir.
18 Vi har ikkje det synlege for auga, men det usynlege. For det synlege er forgjengeleg, det usynlege evig.