2 Nei, vi har sagt frå oss alt hemmeleg og skammeleg; vi går ikkje fram med knep og forfalskar ikkje Guds ord. Men vi legg sanninga ope fram, og for Guds andlet stiller vi oss sjølve fram så alle menneske kan dømma oss etter sitt samvit.
3 Er vårt evangelium løynt, så er det løynt for dei som går fortapt.
4 For guden i denne verda har blinda forstanden til dei vantruande, så dei ikkje ser lyset som strålar frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete.
5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar, for Jesu skuld.
6 For Gud, som sa: «Lys skal stråla fram frå mørkret», han har late det skina i våre hjarte, så kunnskapen om Guds herlegdom i Jesu Kristi andlet skal lysa fram.
7 Men vi har denne skatten i leirkrukker, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje koma frå oss.
8 Alltid er vi utsette, men ikkje kringsette, rådville, men ikkje rådlause,