3 Er vårt evangelium løynt, så er det løynt for dei som går fortapt.
4 For guden i denne verda har blinda forstanden til dei vantruande, så dei ikkje ser lyset som strålar frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete.
5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar, for Jesu skuld.
6 For Gud, som sa: «Lys skal stråla fram frå mørkret», han har late det skina i våre hjarte, så kunnskapen om Guds herlegdom i Jesu Kristi andlet skal lysa fram.
7 Men vi har denne skatten i leirkrukker, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje koma frå oss.
8 Alltid er vi utsette, men ikkje kringsette, rådville, men ikkje rådlause,
9 forfølgde, men ikkje forlatne, nedslegne, men ikkje ihelslegne.