5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar, for Jesu skuld.
6 For Gud, som sa: «Lys skal stråla fram frå mørkret», han har late det skina i våre hjarte, så kunnskapen om Guds herlegdom i Jesu Kristi andlet skal lysa fram.
7 Men vi har denne skatten i leirkrukker, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje koma frå oss.
8 Alltid er vi utsette, men ikkje kringsette, rådville, men ikkje rådlause,
9 forfølgde, men ikkje forlatne, nedslegne, men ikkje ihelslegne.
10 Alltid ber vi Jesu død med oss i vår eigen kropp, så òg Jesu liv skal bli synleg i kroppen vår.
11 For enno medan vi lever, blir vi stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal bli synleg i vår dødelege kropp.