7 Men vi har denne skatten i leirkrukker, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje koma frå oss.
8 Alltid er vi utsette, men ikkje kringsette, rådville, men ikkje rådlause,
9 forfølgde, men ikkje forlatne, nedslegne, men ikkje ihelslegne.
10 Alltid ber vi Jesu død med oss i vår eigen kropp, så òg Jesu liv skal bli synleg i kroppen vår.
11 For enno medan vi lever, blir vi stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal bli synleg i vår dødelege kropp.
12 Slik er døden verksam i oss, men livet i dykk.
13 Vi har den same Anden som gjev tru, som det står skrive om: Eg trudde, difor tala eg. Vi òg trur, og difor talar vi.