8 Alltid er vi utsette, men ikkje kringsette, rådville, men ikkje rådlause,
9 forfølgde, men ikkje forlatne, nedslegne, men ikkje ihelslegne.
10 Alltid ber vi Jesu død med oss i vår eigen kropp, så òg Jesu liv skal bli synleg i kroppen vår.
11 For enno medan vi lever, blir vi stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal bli synleg i vår dødelege kropp.
12 Slik er døden verksam i oss, men livet i dykk.
13 Vi har den same Anden som gjev tru, som det står skrive om: Eg trudde, difor tala eg. Vi òg trur, og difor talar vi.
14 For vi veit at han som reiste opp Herren Jesus, han skal òg reisa oss opp med Jesus og føra oss fram saman med dykk.