1 For vi veit at om det blir nedrive, dette teltet som er vårt jordiske hus, så har vi i himmelen ein bygning som er frå Gud, eit evig hus som ikkje er gjort med hender.
2 Medan vi er her, sukkar og lengtar vi etter å bli overkledde med vår himmelske bustad.
3 For når vi slik er kledde, skal vi ikkje bli ståande nakne.
4 Så lenge vi er i vårt jordiske telt, sukkar vi under børa. For vi ønskjer ikkje å bli avkledde, men påkledde, så det dødelege kan bli oppslukt av livet.
5 Den som har gjort oss i stand til dette, er Gud, som har gjeve oss Anden til pant.