3 For når vi slik er kledde, skal vi ikkje bli ståande nakne.
4 Så lenge vi er i vårt jordiske telt, sukkar vi under børa. For vi ønskjer ikkje å bli avkledde, men påkledde, så det dødelege kan bli oppslukt av livet.
5 Den som har gjort oss i stand til dette, er Gud, som har gjeve oss Anden til pant.
6 Difor er vi alltid ved godt mot, endå vi veit at så lenge vi er heime i kroppen, er vi borte frå Herren.
7 For vi vandrar i tru, utan å sjå.
8 Men vi er ved godt mot og vil heller flytta bort frå kroppen og heim til Herren.
9 Difor, anten vi er heime eller har flytt bort, set vi vår ære i å vera til glede for han.