5 Den som har gjort oss i stand til dette, er Gud, som har gjeve oss Anden til pant.
6 Difor er vi alltid ved godt mot, endå vi veit at så lenge vi er heime i kroppen, er vi borte frå Herren.
7 For vi vandrar i tru, utan å sjå.
8 Men vi er ved godt mot og vil heller flytta bort frå kroppen og heim til Herren.
9 Difor, anten vi er heime eller har flytt bort, set vi vår ære i å vera til glede for han.
10 For vi må alle fram for Kristi domstol, så kvar og ein kan få si løn for det han har gjort gjennom livet i kroppen, anten godt eller vondt.
11 Fordi vi veit kva det er å ha ærefrykt for Herren, prøver vi å vinna menneske. Men livet vårt ligg ope for Gud, og eg håpar at det òg ligg ope for dykk, slik at de kjenner oss.