7 For vi vandrar i tru, utan å sjå.
8 Men vi er ved godt mot og vil heller flytta bort frå kroppen og heim til Herren.
9 Difor, anten vi er heime eller har flytt bort, set vi vår ære i å vera til glede for han.
10 For vi må alle fram for Kristi domstol, så kvar og ein kan få si løn for det han har gjort gjennom livet i kroppen, anten godt eller vondt.
11 Fordi vi veit kva det er å ha ærefrykt for Herren, prøver vi å vinna menneske. Men livet vårt ligg ope for Gud, og eg håpar at det òg ligg ope for dykk, slik at de kjenner oss.
12 Vi prøver ikkje no igjen å koma med lovord om oss sjølve, men vi gjev dykk høve til å vera stolte av oss, så de kan ha noko å svara dei som skryter av det dei er i det ytre og ikkje i hjartet.
13 For har vi vore i ekstase, så var det for Gud. Og er vi ved sans og samling, så er det for dykk.