3 Vi gjev ikkje menneske nokon grunn til å bli støytte bort, så tenesta ikkje skal bli spotta.
4 Nei, i alt står vi fram som Guds tenarar: med stort tolmod i motgang, naud og angst,
5 under slag, i fengsel og i opptøyar, i hardt arbeid, i nattevaking og svolt.
6 Med reinleik og visdom går vi fram, med tolmod og godleik, i Den heilage ande, med kjærleik utan svik,
7 med sannings ord og i Guds kraft, med rettferds våpen i høgre og venstre hand,
8 om vi får ære eller vanære, om folk talar vondt eller vel om oss. Dei seier at vi fører folk vill, men vi talar sant,
9 vi er ukjende, men velkjende, vi er døyande, og sjå, vi lever! Vi blir slegne, men ikkje ihelslegne,