1 Mine kjære, når vi har desse lovnadene, så lat oss reinsa oss frå all ureinskap på kropp og sjel og fullføra vår helging med gudsfrykt.
2 Gjer rom for oss i hjartet dykkar! Ingen av dykk har vi gjort urett, ingen har vi skadd, ingen har vi utnytta.
3 Dette seier eg ikkje for å dømma, for eg har alt sagt at de er i hjartet vårt, så vi både skal døy i lag og leva i lag.
4 Stor er mi tiltru til dykk, og eg er storleg stolt av dykk. Eg har vorte rikeleg trøysta og har ei overflod av glede midt i all vår naud.
5 For då vi kom til Makedonia, vart det heller ikkje lettare for oss. Vi møtte berre motgang; strid omkring oss og angst inne i oss.